Påsketreff 4. april 2015

Vi i RC Lastebil Sykkylven inviterer til påsketreff siste helga i påska, 4. april 2015. Vi åpner dørene kl 12:00 og vil med dette invitere ALLE, store og små, til å møte opp. Vi køyrer og koser oss utover dagen, og i kiosken vil det sjølvsagt vere noko godt å få kjøpe. For deg som ikkje har bil, vil det blir mulig å leige nokre tøffe biler. Etter kl 17:00 stenger vi dørene, og har eit lukka arrangement for klubbens medlemmer og andre besøkande klubber. Ta turen da vel? 🙂

Del dette på sosiale medier

Detaljer i lokalet

Vi begynner no å få eit flott lokale i RC Lastebil Sykkylven. Vi mangler fortsatt litt detaljer, som bygninger, hus, hytter, garasje, fjøser, uthus, til og med ein utedo, eller eit uthus hadde vore fint å hatt i skala 1:14.

Alle som er kreative og vil bygge må gjerne delta i utbygginga. Dei fleste måla kan berre delast på 14, som er vår skala. Dører blir 15 cm høge, og 6 cm breie, etasjehøgder på 17-18 cm, men for å spare plass er det ok å jukse litt, derfor er det greitt å behalde dei fleste bygninger på ca 30-50 x 50-80 cm.

Det er lov å bruke fantasien. Glas i vinduer kan ein lage av gamle cd-deksel, bordkledning av biltema oppfyringspinner, eller ispinner, og tak av papp, finer, shingel, kanskje til og med utskrifter av takstein funnet på nett.

Har du eit ønske om å vere med på dette, ta gjerne kontakt med oss og så er det berre å sette fantasien igang. Husk berre å ha det moro undervegs 😉

Del dette på sosiale medier

Søndagskøyring 1. mars 2015

Vi inviterer alle til åpen køyredag søndag 1. mars, der alle er velkommen til å køyre RC lastebiler og maskiner. Vi har utleige av tre flotte lastebiler, om du ikkje har ein sjølv. Alle besøkande og publikum kan nyte ein god kopp kaffi, brus og litt mat til synet av flotte radiostyrte biler og maskiner i fullt arbeid på bana. Dette er rette dagen å ta turen til Velledalen og besøke oss.

Søndagskøyringa startar kl 12:00, og vi held på ei stund utover dagen til ca 16-18. Alle medlemmer køyrer sjølvsagt gratis, og andre kan køyre på bana vår mot ei lita køyreavgift. Du finn oss på gamle Lade Møbler i Velledalen.

Velkommen til ein flott søndag.

Del dette på sosiale medier