Idag har RC Lastebil Sykkylven vore på besøk hos Autodoktor’n i Sykkylven. Der vart det arrangert konkurranse med radiostyrte biler, Johnny Virker Grand Prix, gjennom AutoMester kjeda.

Dei ansatte i Autodoktor’n hadde laga til ei flott bane der dei minste fekk køyre tøffe Mini Cooper biler, og vinneren fekk flotte premier.

Vi lurte oss til å vise fram litt av våre lastebiler, som var i samme skala som racerbilane. Eit flott arrangement som var vellykka. Takk for oss 🙂

