IMG_3120

Detaljer i lokalet

Vi begynner no å få eit flott lokale i RC Lastebil Sykkylven. Vi mangler fortsatt litt detaljer, som bygninger, hus, hytter, garasje, fjøser, uthus, til og med ein utedo, eller eit uthus hadde vore fint å hatt i skala 1:14.

Alle som er kreative og vil bygge må gjerne delta i utbygginga. Dei fleste måla kan berre delast på 14, som er vår skala. Dører blir 15 cm høge, og 6 cm breie, etasjehøgder på 17-18 cm, men for å spare plass er det ok å jukse litt, derfor er det greitt å behalde dei fleste bygninger på ca 30-50 x 50-80 cm.

Det er lov å bruke fantasien. Glas i vinduer kan ein lage av gamle cd-deksel, bordkledning av biltema oppfyringspinner, eller ispinner, og tak av papp, finer, shingel, kanskje til og med utskrifter av takstein funnet på nett.

Har du eit ønske om å vere med på dette, ta gjerne kontakt med oss og så er det berre å sette fantasien igang. Husk berre å ha det moro undervegs 😉

Del dette på sosiale medier